mandag 30. november 2009
"Manden som skulde stelle hjemme.
Korleis rettskrivinga har endra seg frå dansk og fram til 1938:
Den største skilnaden på teksten frå 1899 og teksten frå 1907 er dei store bokstavane som er i tekst A i starten på substantiva. Eksempel: «Tidlig om Morgenen tog Kjærringa Ljaaen paa Nakken..»
Det er ikkje store skilnaden på tekst A og B, men i B-teksten kan ein finne at ein del blaute konsonantar er blitt til harde konsonantar. D er bytta ut med T osv. Nokre av orda er også blitt fornorska, som for eksempel så er Haanden blitt til næven og Hu er blitt til det litt meir norske ordet hug. Stumme bokstaver er også blitt borte. I C-teksten, som er i frå 1917-reforma er alle de danske orda borte. Den store skilnaden kjem først i reforma frå 1938. Der er det plutseleg blitt a-endingar istaden for vanlige endingar. Det gir teksten eit meir muntleg preg. Eks: Stua, døra, smatta.
Det er også ein del innslag av nokre dialektord i denne versjonen. Før i teksten er det brukt ord som glemte, men i utgåva frå 1938 kjem ordet glømte. I den siste versjon av teksten er skriveforma blitt mindre muntleg og gådd tilbake til ein meir formell form med bestemte endingar som -et og -en. Dei har også gådd bort i frå dialektord og funnet tilbake til ein utgåve som liknar meir på bokmål.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar